Mainstage

E-Sport på Volda LAN
Volda LAN satsar på e-sport, og difor skal vi lage til ei storslegen hovudscene kor finalene i dei største turneringane vil bli spelt. Denne scena består av fullt lagoppsett for to lag med både PC og skjerm. Det einaste spelarane tek med seg er foretrukne periferiutstyr som tastatur, mus og headset. Resten står klart!

Vi sørgjer for å leggje til rette for ei seriøs og profesjonell oppleving for spelarane. Her får dei prøve seg på fylkets råaste scene for e-sport. Alt er planlagt og tilrettelagt helt ned til dei minste detaljane, som kva farga sømmane på stolane, lysa i PCane og sjølvsagt lysa på og rundt scena har.


Billettsal

Billettar i sal no! Sørg for å kjøp billett før det er for seint!