Informasjon

VOLDA LAN


Volda LAN er ein sosial samlingsplass for ungdom, og er ein trygg arena der alle er velkomne. I år er det fysste gongen Volda LAN blir arrangert, men arrangørane bak arrangementet har mange års erfaring med denne typen arrangement og liknande.

Volda LAN blir arrangert av VTI Fotball i samarbeid med Nordfjord Data og Kultur(NDOK). NDOK er arrangør av Måløy LAN (www.mlan.no) og bidrar i ved fleire LAN arrangement gjennom året. Sikkerheit er vår fysste prioritet og det vil alltid vere vaksne, frivillige vakter, til stades gjennom heile arrangementet.

Vi har fokus på helse, miljø og tryggleik. Arrangementet finn difor stad den fysste helga i vinterferien, slik vi ikkje bidreg til trøtte elevar på skulen ved skulestart etter ferien.
I tillegg blir det gitt tilbod som:
  • Tilbod om deltaking i aktivitetar med fysisk aktivitet
  • Sunn og varm middag (inkludert i billetten!) kvar dag
  • Kiosk med gode, og trygge varer
  • Aldersgrense på energidrikk
  • Med meir... 😊


  • Aldersgrense
    Det er ikkje satt noko øvre eller nedre aldersgrense for deltaking, men vi anbefaler at barn og ungdom under 16 år deltek saman med eldre søsken, venner, eller føresette. Barn og ungdom under 16 år. Som arrangør har vi ikkje høve til å følgje opp at deltakarane våre søv nok, et regelmessig, og syt for personleg hygiene osb... Vi ber difor dykk som føresette å vurdere om ungdommane er sjølvstendige nok til å delta.

    Billettsal

    Billettar i sal no! Sørg for å kjøp billett før det er for seint!